Per Spelmann han hadde ei einaste ku.
Per Spelmann han hadde ei einaste ku.
Han bytte bort kua, fekk fela igjen.
Han bytte bort kua, fekk fela igjen.
Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi.
Per Spelmann han spela, og fela hu let.
Per Spelmann han spela, og fela hu let.
Så gutane dansa, og jentene gret.
Så gutane dansa, og jentene gret.
Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi.
Per Spelmann han spela, og fela var go.
Per Spelmann han spela, og fela var go.
Så gutane dansa, og jentene lo.
Så gutane dansa, og jentene lo.
Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi.
Og om eg vart gamal som stein under bru.
Og om eg vart gamal som stein under bru.
Nei, aldri eg byter bort fela for ku.
Nei, aldri eg byter bort fela for ku.
Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi.
Og om eg vart gamal som mose på tre.
Og om eg vart gamal som mose på tre.
Nei, aldri eg byter bort fela for fe.
Nei, aldri eg byter bort fela for fe.
Du gamle, gode fiolin, du fiolin, du fela mi.